Første dag av Åpen dør arrangementet på USN Notodden vart berika med åpninga av utstillinga Inventar, av Ånond Versto. Omkransa av eit nysgjerrig publikum fortalte Versto om alle verka som er utstilt og viste fram eit morosamt utvalg av apparat som er ein del av det omreisande Polygrafiske laboratoriet hans. Utstillinga tek utgangspunkt i korleis ein kan bruke kreftene i omgivnadane til å skape unike teikningar. Vind, gravitasjon, hjarteslag og song var eit par av desse. Versto underhaldte publikum med å demonstrere alle dei ulike apparata og førte an gjennom ein opplevelse på grensa mellom kunst og vitskap.
Studier ved Institutt for estetiske fag finner du her:
https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/

Åpning av utstillinga 
Harmonograf: Lakkert furu, messing og Kalkstein 
Anemograf: Ask finér, messing, lær, kulelager og fjørstål 
Eit utval av teikningane produsert av apparata 
Polygraf: Finérkoffert med mekaniske detaljar i messing, lateks, sølv, gummislangar, skolisser, fjærstål, aluminium og blekk 
Demonstrasjon av Fonograf: Kasse av furu, bjørkefinér, messing, UV-lampe og cyanotypi-papir 
Demonstrasjon av Harmonografen 
Resultatet av Harmonografteikninga 
Litt av folkemengden som kom på opninga 
Versto mottok ein liten gåve frå skulen for at han stilte opp