SANSEOPPLEVINGARS BETYDING I SKAPANDE ARBEID MED INSTALLASJONAR Av Åsta Rimstad

Konferansebidrag i forskningskonferansen «Tyst kunnande eller bara tystnad?» som ble holdt i Umeå universitet 31/10–2/11, 2017.
SANSEOPPLEVINGARS BETYDING I SKAPANDE ARBEID MED INSTALLASJONAR
– korleis kombinasjonen av sansing og erfaring kan skape eit bindeledd mellom det
materielle og det immaterielle
Åsta Rimstad
Fyrsteamanuensis
Asta.Rimstad@usn.no
Tema: Förkroppsligat kunnande, kommunikation och gestaltning
Paperpresentasjonen tek utgangspunkt i nokre av funna som er lagt fram i
doktorgradsavhandlinga «Teikn og meiningsskaping i studentars arbeid med installasjonar»
(Rimstad, 2014). Eit mål for doktorgradsprosjektet var å utvikle ein samtidskunstnarisk
literacy innanfor det norske kunst og handverksfaget. Omgrepet samtidskunstnarisk literacy
blir brukt om det å forstå, kommunisere og skape på installasjonens premissar. I denne studien
studerte eg blant anna korleis faglærarstudentar i kunst og handverk jobba i sine skapande
prosessar med installasjonar. I sitt arbeid med installasjonane hadde studentane ein utstrekt
bruk av ready-mades og kvardagslege massekulturelle element. I denne presentasjonen vil eg
fokusere på korleis desse kvardagslege gjenstandane var med å forme studentanes
meiningsskaping og kommunikasjon. Eg vil synleggjere relasjonen mellom dei konkrete
gjenstandane og meir immaterielle aspekt, slik som minne og assosiasjonar. Vidare vil eg
trekke fram at immaterielle fenomen, slik som minne og erfaring, er materialiserande og
forankra i ein materiell praksis. Gjennom konkrete eksemplifiseringar frå studentanes
skapande prosessar vil eg synleggjere betydinga av studentanes sanseopplevingar i dei
skapande prosessane. Desse sanseopplevingane var ein kombinasjon av sansing og erfaring og
denne kombinasjonen skapte eit bindeledd mellom det materielle og det immaterielle.
Link til konferansen:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *