Info: Faglærer i Design, kunst og håndverk
Studentene ved 2. året på faglærerutdanning har arbeidet med denne oppgaven høsten 2017. Her er:
– Oppgavetekst
– Produktene
– Bilder fra presentasjonsdagen
– Eksempel: Prosessrapport
Oppgavetekst
Olav Wegner Thomassen
SKAP!
Brené Brown: Å skape er å lage noe som aldri har eksistert før
Stepane Hessel: Å skape er å gjøre motstand. Å gjøre motstand er å skape
Herbjørg Wassmo: Mennesket er skapande, det er det einaste ved mennesket som er ulikt dyra
Hovudoppgåva i tre-perioden er å lage eit skap som skal henge på veggen. Skapet skal ha hengsla dør/-er, og gjerne tilførast eit visuelt uttrykk med dekor i form av skjering, farge, ulike tresortar, synlege samansetjingar – eller andre uttrykk.
Mellom handverkskunnskap, funksjon og visuelle uttrykk, kan stå som «ei innramming» av oppgåva:
– Det vil sei at god handverkskunnskap skal ligge til grunn for alt arbeidet du gjer
– Det vil sei at du skal lage eit funksjonelt skap – som skal ha romme ein bestemt funksjon
– Det vil sei at du skal gje skapet eit tydeleg og unikt visuelt uttrykk
I Tre-perioden vil det bli gjennomgått ulike obligatoriske innlæringar og øvingsoppgåver. Alle skal gjennomføre ei opplæring i bruk av maskiner, handverkty og aktuelle teknikkar. Alle øvingsoppgåver skal leggast fram og vurderast som ein del av mappa.
Det skal følgje ein skriftleg rapport til mappa. Rapporten skal leverast digitalt i Canvas, men det skal også ligge ein innbunden rapport ved mappeinnleveringa.
I vurderinga av mappa vil det bli lagt vekt på følgjande:
- Vise kunnskap om designprosessar og kunne bruke idéutvikling for å skape sjølvstendige visuelle uttrykk
- Kunne bruke instruktive presentasjonsteikningar, og arbeidsteikning i M 1:5 for å synleggjere eigne idear. Gjerne også prøve ut og forklare ved bruk av enkle modellar
- Synleggjere i ditt praktiske arbeid at du har tileigna deg kunnskap om bruk av gode handverksteknikkar, handverkty og maskiner knytt opp til arbeid i tørt tre
- Vise at du har arbeida problemløysande idémessig, og at du har utforska, samla og brukt kunst og formkultur på relevante måtar knytt til eige skapande arbeid
- Synleggjere at du kan bruke digitale media til å formidle eige skapande arbeid, slik at arbeidsprosessar og fagleg kunnskap vert tydeleggjort som tileigna kompetanse
- Vise grundig kjennskap til Kunst og handverksfaget slik det er formulert i KL06, og kunne formulere relevante kompetansemål og vurderingskriteriar for ungdomstrinet
August 2017
Tore Risnes, tore.risnes@usn.no
Anniken Randers-Pehrson, Anniken.Randers-Pehrson@usn.no
Olav Wegner Thomassen
Info:
Faglærer i Design, kunst og håndverk
Produktene
Kristine Hornslien Jordet
Sara Heimen
Maria Kristina Aquino Lapitan
Malin Holte
Anette Thorkildsen
Lea Renate Tellenes Narvestad
Bilder fra presentasjonsdagen:
Info:
Faglærer i Design, kunst og håndverk
Eksempel: Prosessrapport
Skap!
Skrive av Maria Kristina Aquino Lapitan
Student på Høgskulen i Sør-øst Norge
Faglærar i design, kunst og handverk 2
Innhald:
– Idéutviklingsfasen – designprosess
– Gjennomføringsfasen for det endelege skapet
– Det endelege produktet
– Fagdidaktisk refleksjon
– Kjelde
I denne perioden har eg, saman med klassen, fått opplæring av å lage ulike samanføyingar med tappar og sink, lima saman treemner og høvle den med handhøvelen for å lage eit skjærefjøl. Me har også fått opplæring i å bruke dei ulike maskinane på maskinverkstaden som me fekk bruk for oppgåva for denne perioden. Det me fekk i oppgåve er å laga eit skap som skal henge på veggen. Den har hengsla dører, og har eit visuelt uttrykk med dekor i form av skjering og ulike tresortar med ulike fargar. Før eg sette i gang med å arbeide med skapet mitt, har eg og klassen gjort fleire øvingar for idéutvikling for å komme fram til det designet me har valt.
Idéutviklingsfasen – designprosess
Under idéutviklingsfasen har eg tatt for meg modellen for designprosess til Lepperød, Kallestad og Gilje. Modellen har seks fasar som eg har vore innom før eg byrja med skapet mitt. Desse fasane er: inspirasjonsfasen, idéutviklingsfasen, utveljingsfasen, planleggingsfasen, gjennomføringsfasen og evalueringsfasen (Lepperød, Kallestad & Gilje, 2013 s. 35).
Ved inspirasjonsfasen gjekk eg rundt i skuleområdet og leita etter inspirasjon frå ulike objekt og mønster som eg fant. Eg tok bilete av det eg såg, og brukte bileta til å sjå om eg kunne få noko inspirasjon av desse. Eg valde ut tre av bileta eg tok som inspirasjon for designet til skapet mitt. Eg valde ut desse tre bileta fordi eg såg for meg eit skap med opni ngar som Bilete 3, samanføyingar som Bilete 4, og pusling i forma som Bilete 5.
I fase to, idéutviklingsfasen, gjorde eg eit forsøk på å tømma alle tankar og idear eg hadde i hovudet, og teikna dei på arket. Eg fekk fram ein del idear, men det merkast at eg frå tidleg av har bestemt meg for å ha eit skap med kantar på. Dei fleste av ideane mine for korleis skapet skulle sjå ut, var firkanta (nokre hadde andre former som runde, eller likna eit tre). Grunnen til at eg visste at eg ville at skapet mitt skulle ha firkanta skap/hyller, var fordi eg ville at det skulle romme godt inni. Eg varierte mellom forskjellige typar firkantar, nokre av dei hadde fleire firkanta skap satt saman med kvarandre. Det som varierte mest mellom skapa var mønsterdekoren/forma på skapdørene.
Bilete 6 Bilete 7
Bilete 8 Bilete 9
Etter å ha vrengt hovudet mitt for idear, var eg komme til den tredje fasen – utveljingsfasen. Her såg eg på teikningane mine igjen, og valde ut nokre av ideane som eg ville lage i små modellar av tynn papp. I fase fire, planleggingsfasen, laga eg planteikningar av dei fire utvalde ideane mine (framfor og frå sida), og deretter skar eg ut delane og lima dei saman med teip i gjennomføringsfasen.
Bilete 10 Bilete 11
Bilete 12 Bilete 13
I siste fasen, evalueringsfasen, samla klassen saman for å snakke om dei forskjellige modellane me har laga i tynn papp. Me såg på våre eigne modellar, og valde den av dei som me følte oss mest fornøgde med. Herfrå, gjekk eg tilbake til idéutviklingsfasen, for å sjå om eg kunne ta eit steg vidare med forma til den valde forma som eg ville ta utgangspunkt i skapet mitt. Modellen eg valde å jobba vidare med, var det kvadratiske skapet, med tre skapdører diagonalt for kvarandre (Bilete 15). Dei neste skissene eg laga, prøvde eg å gå ut frå det kvadratiske i forma til modellen. Det eg enda opp med å gjera, var å først omplassere kvar skapdøra skulle vera, deretter braut eg vekk den kvadratiske forma ved først å strekke måla litt på sidene, og så opna eg området oppe til venstre som vist på skissa (Bilete 17).
Nede til høgre, la eg til eit ”hemmeleg rom”, der heile skapet er ei ”skapdør” med krok på sida for å halde den oppe. Igjen laga eg ei planteikning for den nye ideen min, og deretter laga eg modell av denne i skumpapp. Modellen hadde fortsatt dei kantete formene sine, men det var ikkje lenger ein firkanta form. Designet er asymmetrisk, men har repeterande former som er opp-ned.
Gjennomføringsfasen for det endelege skapet
Etter å ha gått to rundar gjennom designprosessen, var eg endeleg klar til å sette i gang med det endelege skapet. Etter ein samtale med læraren, vart det gjort litt endringar i modellen min av skumpapp. Det hemmelege rommet vart tatt vekk, og i staden vart det gjort repeterande mønster av forma oppe til venstre – opp-ned. Eg valde det hemmelege rommet bort, fordi det fort kunne bli for mykje jobb for meg, og det fungerte betre slik som det blei. Før eg sette i gang med å skjæra ut tre-plankane mine, teikna eg ein oversiktleg planteikning for korleis skapet mitt skal sjå ut. Det vart igjen litt endringar i måla på skapet – hyllene i midten vart smalare, og lengda vart kortare. Dette måtte eg gjera for at skapet ikkje skulle bli altfor stor. Eg teikna også delane til skapet kvar for seg, så eg hadde oversikt for korleis eg skulle dele og lime saman plankane på maskinverkstaden.
Bilete 20 Bilete 21
Bilete 22 Bilete 23
Av materiale, har eg brukt kirsebærtre til kroppen av skapet, mahogany til skapdørene og rundstokkar av noko som likna på bjørk. På maskinverkstaden brukte eg kapp og gjærsaga til å kappe av emne, planhøvelen for å få undersiden av veden rett og flat, sirkelsaga til å dele/kappe emnet, og limebordet til å lime saman fleire emne til plankane eg treng til skapet. Etterkvert brukte eg også dimensjonshøvelen for å få rette og fine plankar.
Måten eg har bygd opp skapet mitt, er som eit puslespel. Eg har brukt dominobrikker til å feste saman delane til skapet (Bilete 24). Desse er festa mellom plankane, så dei er skjulte. Eg tykte at det var betre for meg å bruke domino i staden for slissar, sidan plankane mine er rette, og skal bli festa saman oppå kvarandre. Dessutan så ville eg ikkje ha noko synlege slissar på skapet mitt. Det gjekk bra for meg å skjæra ut plankane til riktig storleik, men sidan måla mine på planteikninga var målt med tjukkleik på 2cm, måtte eg gjera litt
endringar på storleiken på hyllene sidan eg tynna plankane ned til 1,6cm tjukkleik. Breidda på plankane måtte også gå ned frå 20cm til 19,5cm.
Før eg lima delane av skapet saman, laga eg først grop til der hengslene skal ligge, slik at det ikkje stikkar ut av skapet og døra når eg skrur dei saman (Bilete 25). Deretter pussa eg og vassbeisa alle delane til skapet (Bilete 26). Da eg vassbeisa plankane, veta eg dei med ein fuktig klut, så fibrane reiser seg opp. Etter å ha latt det fuktige på plankane fått tørke seg, pussa eg det ned igjen. Eg tok berre ei runde med vassbeising før eg lima saman skapet mitt. Ved liming, brukte eg epoxy-lim så eg kunne ha litt tid på meg til å lima det saman. Eg måtte ta fire rundar med liming. Dei to første rundane, lima eg kvar halve del av skapet for seg, før eg lima dei saman. Til slutt festa eg på øvre og nedre delen som stikkar ut av skapet. For kvar runde, brukte eg tvinge til å halde saman skapet mens eg lot limet tørke. For at det ikkje skulle komme merker på skapet, hadde eg nokre treklossar/bitar som eg plasserte mellom skapet og tvingene. Det var også ein utfordring å lima saman skapet, sidan eg måtte passe på at vinklane var så rette som mogleg. Eg opplevde at det vart vanskeleg å få dominobrikkane inn i hola dei skulle i aleine, i tillegg til at heile skapet er ganske stort. Eg måtte få litt hjelp av andre til å stå på andre sida og halde på delar av skapet eg ikkje kunne nå til aleine. Det var ein gang under liminga, da eg lima saman dei to halvpartane i lag, at eg trudde at eg ikkje skulle få til å få feste delane saman. Eg var glad for at eg ikkje var aleine i klasserommet da eg gjorde det, for da fekk eg eit par hjelpande hender før tida gjekk ut, og epoxy-limen tørka.
Til overflatebehandling, brukte eg Finishing Oil som eg pussa inn med sandpapir på 800p (Bilete 28). Dette gjorde eg for at olja skulle sette seg betre inn med friksjon og varmen frå pussinga.
Undervegs i arbeidet, kom eg borti problem som at planken var for kort eller for tynn i forhold til korleis eg eigentleg skal ha det. Dette var eit problem som skjedde ganske tidleg i arbeidsprosessen, så det skulle ikkje så mykje til å lage seg nye plankar. Seinare i prosessen, medan eg laga grop til hengslene, hadde limen på den eine planken lausna. Eg var heldig med at planken delte seg i to der limen var, og ikkje midt i, for det gjorde det enklare å lime det saman igjen med epoxy-lim. Eg måtte berre passa på at limen ikkje byrja å søla seg oppå planken, så eg dekka til kantane med maskeringsteip. Etter at det har blitt limt saman igjen, brukte eg sikling til å høvle fint på treet. Den tok veldig lite av treet i gangen, så det var ikkje så vanskeleg å handtere det. Da planken var begynt å ta den same forma igjen som den tidlegare gjorde, pussa eg flatane med sandpapir. Eg har også klart å lage gropa til hengslene mindre enn ein millimeter for langt frå kvarandre, så hengslene går akkurat ikkje ned i gropa. Dette har eg fiksa, så hengslene sit fint i gropa no. Døra derimot er ikkje heilt rett, som kan skyldast at verktøyet eg brukte bevegde på seg litt da eg bora hol med den.
Bilete 27 Bilete 28
Det endelege produktet
Bilete 28
Når eg ser på skapet mitt etter at det har blitt ferdig montert, kan eg seie at eg er fornøgd med innsatsen eg har lagt i dette. Den er ikkje perfekt, vinklane er ikkje nøyaktig 90 grader,
men det synast så lite til ikkje. Dørene kunne også ha vore rettare – dei vart litt skeive på grunn av at eg klarde ikkje å borre 100% på det markerte punktet eg skulle borre det i.
Fargane på tresortane følar eg går i harmoni med kvarandre. Fargen frå kirsebærtreet vart mørkare enn eg trudde at det kom til å bli, den var mykje lysare da eg nyleg byrja å jobba med delane til skapet. Likevel likar eg at fargen vart sånn, den har ein fin overgang til den brune fargen på mahoganyen. Rundstokkane av bjørk, som er festa på døra, er lyse, og gir ein sterk kontrastfarge frå resten av skapet. Det at eg ikkje har brukt så mykje av det lyse på skapet, framhevar mønsteret på døra. Det spelar fint i heilskapen med skapet. På skissene mine har eg teikna at eg skulle ha handtak på skapdørene mine, men eg valde å ta dei bort. Det er fortsatt mogleg å opne skapdørene sidan det er ikkje heilt tett igjen. Eg tykkjer at det ser best ut slik, så skapet får reinare flater på seg.
Fagdidaktisk refleksjon
Etter å ha vore i denne perioden med tre, har eg fått god erfaring i å arbeide både manuelt og med maskinar. Knyta opp med ungdomsskuletrinnet, vil denne perioden dekkje desse punkta i LK06:
Design
-
Designe produkt ut frå ein kravspesifikasjon for form og funksjon
-
Beskrive ulike løysingsalternativar i design av eit produkt ved hjelp av skisser og digital programvare
-
Lage funksjonelle bruksgjenstandar og vurder kvaliteten på eige handverk
Arkitektur
-
Samtale om arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekter, vurdere tilpassing til omgivnadane og skissere ulike løysingar
-
Vurdere funksjonell innreiing av rom, stil og smak og visualisere eigne løysingar
-
Bygge og teste bærande konstruksjonar i ulike materialar (Saabye, 2016 s. 71)
Dersom eg ser for meg at eg har ein klasse på 10. årstrinn, ville eg ha gitt dei ei oppgåve der dei skal lage ei hylle som dei bygger av samanføyingar som eg vil lære dei før dei set i gang med hovudoppgåva. Utstyr dei får bruke er handverktøy, og av materiale er ferdigkjøpte plankar. Det elevane skal gjere før dei set i gang med hylla, er å først planlegge og designe korleis hylla deira skal vera – kor mange hyller skal den ha, og kva storleik skal den vera på. I planleggingsprosessen, tenkjer eg at elevane kan byrje med å tenkje på kva funksjon hyllene skal få, og skrive ned ei liste med stikkord for forslag. Etter det, byrjar dei å lage skisser for idear om kva form hyllene deira skal ha, og korleis det skal sjå ut. Elevane skal tømme hovudet deira av idear dei har, og teikne skisser av det. Det skal også vera lov å gå på nettet og søke etter inspirasjon. Elevane skal etterkvert få velje seg ein av skissane deira, og lage ein modell av det i anten tynn papp eller skumpapp (avhengig av kva materiale som er tilgjengeleg). Når elevane skal bestemme seg kva for ein av ideane deira dei skal lage hylle av, må dei også tenkje på kvar dei har tenkt å plassere hylla deira når den blir ferdig. Dei må vurdere tilpassing til omgivnadane hylla skal vera i. For å få tak i dei rette måla, må dei først laga ein planteikning til hylla deira. Modellen dei lagar i papp, skal vera på målestokk 1:5.
Etter at dei har fått laga modellen deira i papp, kan dei da vurdere om det er noko dei treng
å endra på før dei set i gang med den endelege hylla. Den enklaste måten å samanføye hylla på, tenkjer eg er ved å borre hol i plankane, og limar dei saman med tappar i mellom. Til slutt skal hyllene overflatebehandlast, der det skal pussast og oljast.
Det er tvilsamt at det finst så mange typar maskinar på grunnskulen slik som det er på høgskulen. Det som eg ser mest av at grunnskulen har tilgjengeleg, er bandsaga. Elles veit eg at det er skular som har forskjellige handverktøy tilgjengeleg i sløydrommet. Avhengig av kva utstyr og materiale ein har på skulen, må eg tilpasse oppgåva etter det. I tillegg til det, er det ikkje skjønn å vera i eit maskinverkstad med ein klasse uefarne elevar. Maskinane ein finn i maskinverkstaden her på høgskulen er farlige nok til at det ikkje er realistisk å la unge elevar få prøva seg på dei forskjellige apparata.
Periodeplanen eg har satt for meg til dette temaet, vil trenge å gå over lang tid.
Prosessen vil gå over fleire fasar, og det vil vera veldig tidskrevande. Avhengig av kor nøye ein skal gjere denne oppgåva, kan eg sjå for meg at det kan vare mellom eit halvt semester til heile semesteret. Da er det også med tanke på at elevane har om lag 2 skuletimar i veka med kunst og handverk.
Kjelde
Lepperød, J., Kallestad, T & Gilje, Ø. (2013). Kunst, håndverk, teknologi og design. Bergen: Fagbokforlaget
Saabye, Malin (Red.). (2016). Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Grunnskolen. Oslo: Pedlex