Tollef Thorsnes hadde for nokre veke sida utstilling i foajegalleriet på Hsn Notodden. Utstillinga ”Miniretrospektiv” består av ulikt trearbeid av eit stort spenn. Noko av det som stakk seg ut litt ekstra var dei unike kyrkjeskapa som hang på eine veggen. Dei var designa for å skape undring for dei som opna skapa og var utstyrt med speil som reflekterer den som enda opp med å opne dei. I eit av skapa ville ein for eksempel få ei krone på hovudet. Fleire av desse verka har vore utsmykningar i ulike kyrkjer og dei ulike teknikkane er basert på ulikt trearbeid opp gjennom åra. Thorsnes har ei lang rekke med verker som set saman både tre, stål og meir. Det var ei spanande utstilling som viser stor teknisk ferdigheit og materialkunnskap. Ein kan finne fleire av Thorsen sine verk blant anna spredd ut i ulike kyrkjer rundt om i landet.
Studier ved Institutt for estetiske fag finner du her:
https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/