Glimt frå badetøyets historie

Frå badekjole til høg skjering og plastinnlegg

 
Denne utstillinga av Astrid Hus er ei artig og fargerik utstilling med fokus på badetøy i ulike formar. Den inneheld glimt frå badetøyhistoria og er fylt med badetøy i ulike formar og fargar. Astrid har i fleire år samla på badedrakter frå for eksempel bruktbutikkar, bekjente eller frå hennar eiga fortid. Det er mest fokus på kvinnelige badedrakter, men har også eit par innslag av herrebadekle. Ho har også laga eit par av desse draktene sjølv. For eksempel ei par flotte strikka badedrakter som representerer ein trend av drakter som vart strikka med badedrakttråd, noko som ikkje er så lett å få tak i no for tida.
I tillegg til å stille ut desse flotte badedraktene har ho også innspill av gamle bilete og artiklar som blant anna handlar om historiske augeblikk i badedrakthistoria. Eit av desse augeblikka var då Agnes Beckwith hadde oppvisning i kvaltanken i Royal Aquarium i Westminister, der ho trakka vatnet i 30 timar. Ho gjorde dette iført ei badedrakt som ikkje dekka beina hennar og dette vart opplevd som ein skandale. Før denne tida hadde kvinner måtte bada i nærmast heildekkjande badekle som var upraktiske og vart tunge når dei skulle symje. Sjølv om ein gjerne kan tenke at fokuset på kvinnesynet og synet på kvinnekroppen skin sterkt gjennom i denne utstillinga, kan ein også sjå at fokuset her ligg på dei meir estetiske og praktiske delane av badedraktene. Dei fleste har nok minner om kva badedrakter foreldre, besteforeldre eller dei sjølv gjekk i når dei var små. Dei ulike draktene er frå ulike tiår og ein kan sjå kor variert nokre av trendane opp gjennom tidene har vore. Alt frå badekjolar, som den raude drakta Astrid hadde på seg på åpninga av utstilling, til små badedrakter som skapte oppmerksamheit i Hollywood.
Astrid fortalte også om eigne opplevingar med badedrakter frå ho var yngre. Blant anna hugsar ho ubehagelege plastinnlegg som kunne varte øydelagde og ikkje var så praktisk for soling. Ei av herredraktene høyrde til ein av slektningane til Astrid. Denne har ho gjenskapt på ny i stripa stoff.
SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC
Drakta som Astrid brukte på åpninga

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
Sjølvstrikka drakt

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC
Ho har også lagt opp til at kven som helst kan fortelje om sine opplevingar med badedrakter opp gjennom tidene og tar gjerne i mot innslag anten på epost eller i boksen som står inne på utstilling i foajegalleriet. Ta gjerne ein tur innom, ho svarer gjerne på spørsmål.
 
Studier ved Institutt for estetiske fag finner du her:  https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *