Catwalk og mote på høgt nivå

Eit moteshow med kvinnelig påverking

 
I samanheng med Åpen dør arrangementet på Høgskulen stelte studentane i tekstil i stand eit heidundrande moteshow. Med berre sjølvlaga klede strålte dei på catwalken og fekk vist fram ei rekke flotte og vellaga plagg. Med tanke på at arrangementet blei opna den 8. Mars hadde dei ei speleliste med berre kvinnelege artistar i barkgrunnen. Syerskene strålte med den oppløftande musikken. Stemninga var god og publikum jubla for arbeidet studentane har lagt i plagga.
Publikumet fekk sjå ein blanding av nydeleg tradisjonell strikkekunst, flotte ballkjolar, unike jakker og redesigna kjolar med vaffelsøm og smocking-teknikk i fokus. Studentane presenterte plagga sjølv og viste fram dei unike trekka ved kvart plagg. Blant anna kunne ein sjå flotte syteknikkar representert på dei omsydde gardinene og dynetrekka som no var forvandla til ulike kjolar. I tillegg kom fleire kreative design av jakker fram i lyset, blant anna med nydelege mønster inni. Alle desse plagga er resultatet av ulike oppgåver studentane har hatt det siste skuleåret og ein kan jammen sjå at dei har stått på. Det var eit flott moteshow som kan få kven som helst til å ville ta fram symaskina og produsere heimelaga klede.
Studier ved Institutt for estetiske fag finner du her:
https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/

Først ut var desse unike strikkeplagga:

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC


 

Deretter kom dei sjølvdesigna jakkene:

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC



Dei stilte også opp eigendesigna skjørt og belter





SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
 

Dei redesigna kjolane var flotte å sjå på mens dei elegant gjekk over catwalken

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC







 
SAMSUNG CSC

 

Til slutt kom alle opp på catwalken for å få ein siste applaus for innsatsen:

SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *