Åpen dør og åpne sinn

Denne veka har samtlege klassar innan dei praktisk estetiske faga på Høgskulen i Søraust-Norge stått på for å lage eit flott opplegg for å presentere det dei har laga dette skuleåret. Heile opplegget opna med eit oppløftande og flott musikkinnslag frå gruppa Pierre: Studentar ved rytmisk musikk og studioarbeid. Sjølve opninga vart gjennomført av ordfører Gry Bløchlinger, der ho blant anna snakka om at det var ein ære å opne desse dagane på sjølv kvinnedagen. Dette skulle finne stad etter ein formgivingswalk av nokre studentar ved instituttet. Dette var ein ny oppsetting i år og presenterte praktisk estetisk arbeid på ein heilt ny måte. Det var som ein vanleg catwalk, men verk som for eksempel leireskulpturar, treverk og sveisa gjenstandar var bært inn på den røde løparen i staden. Etter eit svært inspirerande foredrag frå vinnaren av symesterskapet 2017 Tanja Andreeva sette ho i gong eit minimesterskap med fleire studentar, lærarar og til og med ordføraren sjølv som deltakarar. Vinnaren av symesterskapet vart Eldbjørg Lørge, ein tidlegare tekstillærar som stilte med ein kreasjon fylt med blomar og kreative løysingar. Etter minisysmesterskapet skulle fokuset fortsatt være på tekstil og syteknikk. No var det tid for tekstilstudentane sin motecatwalk. Ein blanding av ulike stilar, teknikkar og stofftypar. Publikum fekk sjå mykje godt arbeid og flotte plagg. Bileter av dette kjem i eit nytt innlegg her om litt. Dag ein var avslutta med forelesning av Anne Solberg om formidling av forskning i estetiske fag ved instituttet. I tillegg hadde samtlege klassar innan estetisk skapande arbeid sett i stand utstillingar rundt om på skulen der alle kunne gå rundt og sjå og høyre med studentane sjølve om korleis studielivet deira er. Ein kunne merke at heile skulen var fylt med ein viss kreativ energi, og der var nok fleire som var inspirert.
 
Dag to vart opna med musikkinnslag frå HSN Blues Band, Blues Studium av Geir Salvesen og Utstillingsopning i Foajegalleriet. Denne utstillinga var laga av Tollef Thorsnes. Dette vert også skrive om i eit innlegg som kjem snart. Etter dette hadde den kjente illustratøren Trond Bredesen foredrag om korleis det er å jobbe som illustratør og stilte med morosamme og inspirerande forteljingar frå si eiga karriere og utdanning, som blant anna fant stad her på Notodden. Han supplerte med at den tida han hadde hatt her hadde hatt stor påverking på hans framtidige karriere. Resten av dagen fortsette slik som dagen før, med ein ny flott catwalk som fekk publikum til å juble og opne klasserom der alle var velkomne.
Studier ved Institutt for estetiske fag finner du her:
https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/

Opning av Åpen dør på torsdagen

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Formgivingswalk med samtlige studenter ved HSNSAMSUNG CSC





SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Eit inspirerande foredrag frå vinnaren av symesterskapet Tanja

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Så var det tid for minisymesterskapet. Leda av Tanja sjølv.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Tanja bidro gjerne med tips og triks til deltakaraneSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Heile bygget vart teke i bruk til flotte utstillingar

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Studentane på tegnestudiet stilte sterkt med alt frå illustrasjonar til skulpturarSAMSUNG CSC









SAMSUNG CSC

Tekstilstudentane stilte med sofa, strikkehjelp og god innsikt i arbeidsprosessaneSAMSUNG CSC








SAMSUNG CSC

Eldbjørg Lørge vart den stolte  vinnar av minimesterskapet og fekk premie for arbeidet

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC
SAMSUNG CSCSAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

Visuelle kunstfag hadde stilt seg opp med video og svært interessante skulpturar SAMSUNG CSC

Vi fikk også innblikk i Tre og metall sine arbeidsmåtar


Faglærarane stilte sterkt i underetasjen, med full oversikt over potensialet i            kreativt arbeid



Dag 2 vart opna med musikkinnslag i ekte bluesstil

SAMSUNG CSC

Det heile vart avslutta med inspirasjon og visdom frå illustratøren Trond BredesenSAMSUNG CSC

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *