Veving på timeplanen igjen!

Studentar frå tekstilklassen med kvar sine flotte og varme skjert.
Øverst frå  venstre: Renèe Gjesti, Gro Sandnes, SigridJohnsen Rødli, Ola Moe, Stian Førde.
Nederst frå venstre: Turid Strømfors, Erika Monsen, NathanRussom Narayo

Tekst og foto: Astrid Hus

Etter nokre år der dei fleste vevar har stått ubrukte, er veving blitt populært igjen!  Slik også ved USN, Notodden.

«Eit langt eit kort, eit smalt eit breidt» (oppgåvetittel til skjerf)

Studentane i Tekstil 1 og 2 ved USN, Notodden, starta studieåret med å veve skjerf på grind. Studentane har laga designutkast med stripe og rutemønster, farge og materialvalg. Bak kvart skjerf ligg det mykje planleggjing i form av fargesamansetjing og mønster til striper og ruter, før dei kunne lage renning og starte å veve.  Skjerfa er vevd på grind i ulike breidder. Før valg av materiale har studentane fått kunnskap om fiber og materiale, og har kunne velje garn frå det gode utvalget hos Alvhild Jørgensen eftf. Her har dei også fått god hjelp og rettleiing, både til valg av fargar og materiale. Skjerfa er no utstilt i vinduet hos Alvhild Jørgensen eftf. Garn og brukskunst. 

For det fleste studentnae var det heilt nytt å veve, og resultatet viser at dei har fått forståelse for teknikk og materiale, for skjerfa er av god og behageleg kvalitet, og vil varme godt i vinterkulda.

Skjerfa vil være utstilt i butikken hos Alvhild Jørgensen til 10 nov, deretter i gangen utanfor Tekstil sitt klasserom i 3. etasje. Ta ein kikk på skjerfa: kanskje du får lyst å veve deg eit sjølv!

Natan i gang medrenning til skjerfet.
Sigrid Knyterfrynser.
Gro i gang medrutemønsteret til sitt skjerf.
Bilder fra utstillingen!
Bilder fra utstillingen!
Bilder fra utstillingen!
Bilder fra utstillingen!
Bilder fra utstillingen!
Bilder fra utstillingen!

Link til studiet: https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/tekstil-1/

http://www.usn.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *