Åpen dør 2019

Tekst og foto: Anna Eldevik Bortheim

I år igjen stilte USN Notodden med det svært inspirerande arrangementet Åpen dør. Opplegget opnar for at studentane ved dei estetiske faga på skulen får vist fram det dei driv med og at kven som helst kan komme og få innblikk i korleis det er å vere student her. Med ei talentfull studentgruppe er det ikkje mangel på flotte verk og ein finn inspirasjon i kvart eit rom. Både studentar og lærarar går saman for å lage eit flott arrangement og visar fram det kreative fellesskapet som er her på skulen. Torsdagen vart opna av Instituttleder Geir Salvesen med musikkinnslag frå nokon lovande studentar ved Rytmisk musikk og studioarbeid. Dette inkluderte flotte sangstemmer og fengjande toner. Fredagen blei kickstarta av musikkinnslag frå talentfulle studentar ved Bluesstudiumet og Dust My Blues. Desse vart etterfulgt av ein flott Formgivingswalk der studentane fekk vise fram verka sine sjølv. Etter Åpninga av arrangementet på torsdagen vart også utstillinga til Ånond Versto; Inventar opna. På ettermiddagen fekk vi sjå tekstilstudentane sprade ned Catwalken med sine miljøbevisste kreasjonar. Bilete frå Utstillinga til Versto og Catwalkane kjem i andre innlegg på sida her snart.

Kvar dag hadde kvar si inspirerande forelesning i Store auditorium. På Torsdagen handla forelesninga om Formidling av forskning i estetiske fag og kunsterisk utviklingsarbeid ved institutt for estetiske fag. På Fredag var det Erik Alfred Tesaker; Tusenkunstner og programleder for «oppfinneren- Nrk som stilte opp.

Innimellom innslaga på scena i Kafé Panorama kunne besøkjande vandre rundt i dei ulike klasseromma for estetiske fag og snakke med studentane sjølv. Fleire studentar stilla som guidar rundt på skulen og viste fram dei ulike romma. Heile huset var fylt med vakre, morosame og flotte verk frå dei ulike estetiske faga på skulen.

Studier ved Institutt for estetiske fag finner du her:

https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/

Åpninga av Åpen dag 2019

Leirestudentane stilte med eit stort utvalg av flotte gjenstandar og leiremalestasjon for dei besøkjande

Tre og metall studentane holdt blandt anna utstilling i Store Galleri

3. klasse Faglærer i kunst og handverk viste fram sitt flotte arbeid i klasserommet

Idrettstudentar stilte med danseoppvisning

Publikum vandra i gangane mellom innslaga

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *