Kvalitetsforståingar i kunst og handverksfagets undervisningspraksis – Av: Åsta Rimstad


Innlegg i nettverkskonferansen Av Åsta Rimstad
Mer info om konferansen: http://kunstkultursenteret.no/K&Hnettverk2018

Abstract
Kvalitetsforståingar i kunst og handverksfagets undervisningspraksis
– Kva er kvalitet og utifrå kva kriterium ser ein etter kvaliteten i eit studentarbeid?
Nøkkelord: kvalitetsforståingar, samtidskunst, installasjonar
Denne paperpresentasjonen tek utgangspunkt i ei argumentasjonsrekke som er lagt fram i doktorgradsavhandlinga «Teikn og meiningsskaping i studentars arbeid med installasjonar» (Rimstad, 2014). Her belyser eg kva betyding kunst og handverksfagets idemessige grunnlag, kvalitetsforståingar og vurderingskriterium har for undervisnings-praksisen. For kunst og handverksfaget har eit mangearta innhald der fleire ulike kvalitetsforståingar er integrert, og dei ulike kvalitetsforståingane er tilpassa eksisterande praksisar innanfor fagets idemessige grunnlag. Desse forståingane har sine eigne tankesett og uttrykksregister, og dei tek tak i ting utifrå bestemte formål. Ein kan difor ikkje sjå kvalitet frigjort frå perspektiv og forståingar fordi slike forståingar bygger på normer, tradisjonar og diskursar. Innan ei sosiokulturell ramme ser eg på kvalitetskriterium som språklege reiskap. Sjølv om kvalitetskriterium ikkje er reiskap i fysisk forstand, har dei likevel materielle sider og materielle konsekvensar. For det er ein samanheng mellom dei kvalitetsforståingane ein disponerer og dei handlingane ein kan førestille seg, vurdere eller sikte mot. Desse forståingane bygger på tradisjonar, normer og mønster og desse får ei betyding når ein eksempelvis skal vurdere kvaliteten på eit studentarbeid. For kva legg ein i omgrepet kvalitet, kvar ser ein etter kvaliteten, og kva vurderingskriterie skal ein bruke når ein vurderer kvaliteten i eit studentarbeid?
I denne presentasjonen delar eg kunst og handverksfaget inn i fem diskursar. Gjennom konkrete eksempel vil eg belyse kva betyding kvalitetsomgrepet har i dei ulike diskursane. Denne inndelinga blir gjort for å vise at det ligg ulike forståingar kring kvalitetsomgrepet alt etter kva kontekstar omgrepet blir brukt i, og utifrå kva ideologiske grunnlag kvalitetsforståingane blir drøfta og vurdert oppimot. Gjennom eksemplifiseringa vil eg synleggjere behovet for å utvikle nye kvalitetsforståingar om ein skal arbeide med samtidskunst i kunst og handverksfaget.



Studier innen kunst, design og musikk ved Høgskolen i Sørøst-Norge: https://www.usn.no/studier/finn-studier/#categories=26866 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *