Catwalk for Handverket

Tekstil og Handverks Catwalk på Åpen dør 2019

I år igjen stilte studentane ved praktisk estetiske fag på Campus Notodden med Formgivingswalk på Åpen dør. Både studentar frå faglærarar i kunst og handverk, tekstil og tre og metall stilte med sine kreative bidrag på ein variert og kjekk framvising. Første del av Catwalken vart kickstarta på føremiddagen med eit utvalg av kreasjonar frå fleire av dei kjære Kunsthandverksfaga vi har her på skulen. Dei stilte blant anna med dekorerte vesker, detaljerte bord og flotte skulpturar i ulike stilar. Studentane strålte på veg ned Catwalken med arbeidsbukser og ansiktsmaling.

Studentane ved tekstil stilte med sjølvproduserte klede med stort fokus på miljøbevisstheit og redesign. Med engasjerande bakgrunnsmusikk sprada dei ned Catwalken og viste stolt fram det dei har produsert dette skuleåret. Flotte skjerf, originale gjenbruksjakker og stilige bukser var på agendaen og viste verkeleg fram det flotte arbeidet dei har gjennomført. Både plagg og modellar fekk stor applaus under showet og tilskodarane såg ut til å storkose seg.

Studier ved Institutt for estetiske fag finner du her:

https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/

Tre av tekstilstudentane fekk vist fram sine sjølvproduserte kolleksjonar basert på deira eigen preferanse: Også med stort fokus på gjenbruk og miljøvenlegheit

1. Kolleksjon

2. Kolleksjon

3. Kolleksjon

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *