Workshop master: DET BLANDEDE

Maskin og menneske. Eit forhold med fleire sider.

Då var eit nytt semester i gong på Høgskulen i Søraust Norge. Masterstudentane på første året har fullført ei workshopveke fylt med oppgåver som skal forberede dei på det estetisk skapande prosjektet dei skal ha dette semesteret. Dei byrja veka med ein introduksjon oppe i utstillinga ”be extended”. Hovudtemaet som er blitt teke utgangspunkt i er ”Det blandede” som er eit bredt tema. Dette handlar blant anna om korleis ein kan setje saman ulike element og kva ein set saman er sentralt for kva uttrykk ein får. Etter opninga av veka fekk masterstudentane utdelt ulike oppgåver som byggja vidare på dette. Ein av dei første oppgåvene var å trekke tre separate biletkort. Eit av desse skulle først vere snudd ned så dei ikkje kunne sjå biletet og dei to andre skulle setjast saman med bruk av både assosiasjonar og biletlege element. For eksempel kunne eit eple og ei lampe bli satt saman. Etter det skulle det tredje kortet snuast og bytast med eit av dei to korta som alt var teke i bruk. Deretter fekk dei ei teikneoppgåve der dei skulle sitje to og to vendt mot kvarandre og kopiere kvarandre. Nesten ingen kommunikasjon og ingen plan. Her var det om og gjere å finne ein rytme og ikkje tenke for mykje. Dette skulle dei gjere to gongar, berre at den andre gongen skulle dei trekke inn element frå nokre gamle maskiner som vart donert av (naturfag??). Desse maskinene vart også teke med inn i den neste oppgåva som var å ta bilete av maskinene i interaksjon med menneske og deretter lage eit maleri på ca. 200*150 cm som representerte dette. Utanom hovudintroduksjonane med å skulle bruke menneske og maskin som tema og prosjektor for å få bileta opp på arket, var denne oppgåva ganske fri og resulterte i sju svært ulike uttrykk.  Studentane jobba godt med oppgåva og som dei fleste oppgåvene denne veka var dette også eit gruppearbeid.
Dagen etterpå fekk studentane utdelt ein rull med kvit groduk som skulle brukast i eit meir tredimensjonalt prosjekt. Anten kunne dei vidareføre det dei hadde gjort dagen før eller bruke vinterlandskapet utanfor og bringe dette inn i ein slags skulptur eller installasjon. Her kunne maskinene frå den førre oppgåva også bringast inn og det var det fleire som gjorde. Nokre tok også i bruk prosjektorane som ein del av uttrykket. No er masterstudentane kome godt i gong med Estetisk skapande prosjekt 2 og skal fortsette med temaet ”det blandede”. Det blir spanande å sjå kva studentane har på lager.
https://www.usn.no/studier/finn-studier/kunst-design-og-musikk/master-i-design-kunst-og-handverk/
DSC_0265DSC_0318DSC_0266DSC_0283 copyDSC_0273DSC_0276DSC_0321-2DSC_0287DSC_0285DSC_0280DSC_0317DSC_0288DSC_0316DSC_0315DSC_0271DSC_0270DSC_0313DSC_0328

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *